Bergsdalstunet
Ny nettside med tekst, foto og film.
Bergsdalstunet er ei aktiv gardsdrift som ligg i Bergsdalen mellom fossefall, bratte fjell og langstrakte vidder. Dei tek i mot gjester i gamlefloren, som i dag er eit moderne lokale som kan brukast til både dans, bryllaup, konferansar og møte av ulike slag. Suset frå svunne tider set i veggene, og på veggene kan sjå bileta av forfedrane sitt liv og virke med kyr, griser, sauer og høner i vinterhalvåret, og aktiv stølsdrift om våren og sommaren.
Nettsida syner fram det staselege bygget saman med gardsmaten dei produserer og serverer: Hjort og lam som har beita i Bergsdalen, fisken som kjem frå elva rett utanfor - og ho inviterer til å ta kontakt med vertskapet.