Folka
Lisbeth Bringebøen
Har ein god penn, og er oppteken av at det må eit godt språk til for å fortelja ei god historie. Ho likar å setja seg inn i ny kunnskap, fagområde og forretningsmodellar, og har lett for å finna dei rette vinklingane.
Lisbeth har ei mastergrad i Internasjonal Marknadsføring og Leiing frå BI, er utdanna siviløkonom frå NMBU og har ei mastergrad i Rekneskap og Revisjon frå NHH. Ho var fulltidsstudent i seks av åra, og dei resterande faga er tekne ved sidan av ordinært arbeid. Om lag halvparten av studietida var ho på morosam utveksling kringom i verda. Og så tek ho stadig eit emnefag ho finn interessant, som er alt frå kryptovaluta til kommuneøkonomi til europeisk historie.
Lisbeth starta enkeltpersonføretak i 2019 for å ta oppdrag som tekstforfattar og innhaldsprodusent. Ho har ved sidan av skriveri for ulike kundar teke oppdrag som høgskulelektor med undervisning og emneansvar i (1) Marknadsføring, i (2) Utvikling og Drift av ei Reiselivsverksemd, i (3) Innføring i Rekneskap og Bedriftsøkonomi, (4) Teknologi, Innovasjon og Samfunn, eit fag for studentar innan fornybar energi, og sist (5) Finansrekneskap for vidarekomande, samt rettleiing av studentar som skriv bacheloroppgåve.
Fram til hausten 2020 hadde ho eit årsvikariat som rådgjevar i avdeling for Forsking, Innovasjon og Internasjonalisering ved HVL. Tidlegare var ho tilsett som rådgjevar og prosjektleiar i kommunal- og fylkeskommunal sektor innan næringsutvikling i 8 år.
Tore Friele Lie
Tek dei finaste bileta du kan tenkja deg, og er i tillegg god på alt som er teknisk og praktisk.
Tore starta Falkeblikk AS i 2010, og har dei siste 15 åra levert små og store film-og fotoprodukt til kundar over heile landet. Panoramafilmen til Norsk Bremuseum i Fjærland er kanskje eitt av dei mest synlege prosjekta han har levert, visualisert på ein skjerm på heile 21 meter.
Tore er sertifisert drone-pilot og har dei sertifiseringane og forsikringane som trengst for å fly trygt og lovleg, og kunnskap om prosessane som må til for å kunne få lov til å fly i område som i utgangspunktet er verna frå slik trafikk.
Tore er utdanna sivilingeniør med mastergrad i geomatikk frå NMBU. Utdanninga vart brukt nokre år i Kartverket med å kartleggja mellom fleire Svalbard, og nokre år i offshorearbeid. Han tok også nokre årsstudium i matematikk, fysikk og ingeniørfag i Nord-Norge før han landa på NMBU, og har rett som det er ei god historie frå ei svunnen tid ved foto-linja ved Alta Folkehøgskule å fortelja.
Mange av filmoppdraga krev god fysikk, og Tore set ekstra pris på alle oppdrag som er utandørs. Ein film frå toppen av Jotunheimen eller inni blåisgrotta i Jostedalsbreen? Filming av Ærfugl på Vega, eller spekkhoggarar eller kval langs kysten eller inn i fjordane? Null problem. Tore kjem seg lett fram med ski, klatresele, snøskuter, lastebil, kajakk og båt - og frå bybobilen har han det beste heimekontoret han kan tenkja seg uansett kvar i landet oppdraget måtte vera.