Du fortel. Me gjer historia levande.

Tekst · Foto · Film

Har levert til
Norsk BremuseumBesøkssenter villaks LærdalAmediaEnivestSogndal kommuneLuster SogelagSimasRocketfarmJapansk TVMestaVisit SognefjordStatnettHVLSagastadKunnskapsparken VestlandBergansSparebanken NorgeTind of NorwayHelen og KristianNew NordicWillyAvery Dennison

Kva me gjer

Du kan bestille tekst, bilete, film eller nettside kvar for seg – eller få alt frå oss i éin pakke.

01

Tekst

Annonseartiklar, intervju, nettsidetekstar og nyhendebrev. Språkvask og omsetjing til bokmål eller nynorsk.

02

Foto

Portrett, produkt, mat og miljø. Natur og dyreliv – frå bakken og frå lufta. Bilete som får folk til å stoppe opp.

03

Reels og film

Reels og korte snuttar til sosiale medium. Og for dei som vil ha meir: naturfilm, reklamefilm og panoramafilm – som 21 meter brei film til Norsk Bremuseum.

04

Nettsider

Nettsider der tekst, bilete og film er laga av dei same folka – så alt heng saman frå første dag. Enkle å oppdatera sjølv.

Annonseartiklar me har produsert

Eit utval saker – frå mjølk og drivstoff på garden til bustadsal, optikk og bygdeliv.

Agrol NATIONEN · BOKMÅLAgrol-avtalen gir forutsigbarhet og tusenlapper spart på gården
Agrol og Circle K · med reel
Les saka →
Alltech NATIONEN · BOKMÅLStor forskjell med Enpro: Mer melk fra friske kuer
Alltech · med reel
Les saka →
Volvo FIRDA · NYNORSKKristoffer er fastlegen til bilen min
Volvo
Les saka →
Volvo FIRDA · NYNORSKSom plattformsjef er han van med høge krav til tryggleik og kvalitet
Volvo
Les saka →
Alliance Optikk FIRDA · NYNORSKSlutt på tørre auge med lysbehandling
Alliance Optikk
Les saka →
Enivest FIRDA · NYNORSKNy digital kraft og gamle røter
Jølstraholmen Landskapshotell, for Enivest
Les saka →
Enivest ENIVEST.NO · NYNORSKVærlandet Havhotell: Naturens ro, nettets fart
Værlandet Havhotell, for Enivest
Les saka →
Coop Extra NETTAVISEN · NYNORSK20-årsfeiring hjå Extra Førde
Coop Extra
Les saka →
EiendomsMegler 1 FIRDA · NYNORSKLokal kunnskap, tryggleik og engasjement
EiendomsMegler 1 Sunnfjord
Les saka →
EiendomsMegler 1 FIRDAPOSTEN · NYNORSKMe kjenner marknaden og ser raskt kva kjøparane vil ha
EiendomsMegler 1 Kinn
Les saka →
Enivest FIRDA · NYNORSKMeistring, glede og fellesskap med Enivest IFO
Enivest IFO
Les saka →
Musti NETTAVISEN · NYNORSKEndeleg opnar Musti i Os dørene
Musti Os
Les saka →
Coop Prix HARDANGER FOLKEBLAD · NYNORSKEple frå Hardanger – modna i fjordlandskapet, tufta på tradisjonar
Coop Prix
Les saka →
Coop Prix BA · BOKMÅLEpler fra Hardanger – modnet i fjordlandskapet, tuftet på tradisjoner
Coop Prix – same sak på bokmål
Les saka →
Intersport SOGN AVIS · NYNORSKFra verksted til sti: Slik ble sykkelen Fredriks livsverk
Intersport
Les saka →
Amfi SOGN AVIS · NYNORSKNyt det lokale restaurantlivet på Amfi Sogningen
Amfi
Les saka →
Amfi SOGN AVIS · NYNORSKFå inspirasjon til sommargarderoben
Amfi
Les saka →
Sogneprodukt SOGN.NO · NYNORSKSogneprodukt i ny form, og like relevante
Sogneprodukt
Les saka →
Accountor SOGN.NO · NYNORSKI distriktet får du utfordingar om du søkjer utfordringar
Accountor Sogn
Les saka →
Sogn.no SOGN.NO · NYNORSKFresvik – ein god jobb og eit godt liv
Fresvik
Les saka →
Sogn.no SOGN.NO · NYNORSKVil du bu i Noregs første og finaste mikrohuslandsby?
Mikrohuslandsbyen
Les saka →
HVL SOGN.NO · NYNORSKVil du vera med å utdanna framtidas barnevernpedagogar?
Høgskulen på Vestlandet
Les saka →
HVL SOGN.NO · NYNORSKEi skikkeleg spennande stilling for deg som er samfunnsengasjert
Høgskulen på Vestlandet
Les saka →
Sogn Næring SOGN.NO · NYNORSKLokal verdiskaping er like viktig som potensial til internasjonal skalering
Sogn Næring
Les saka →

Utvalde arbeid

Mange av prosjekta har me gjort kvar for oss, i eigne selskap. Kleio er fellesprosjektet vårt, med tekst, foto og film på éin stad. Du kan også bestilla oppdrag frå berre éin av oss.

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum

Falkeblikk sin panoramafilm om Jostedalen, vist på ein 21 meter brei skjerm i Fjærland.

Les meir om filmen →
Utladalen Nasjonalparksenter

Utladalen Nasjonalparksenter

Fleire turar i Utladalen for å filma heile dalen. Filmen kjem på visningssenteret våren 2027.

Les om Utladalen →
Naturfilm for amerikansk fornøyelsespark

Naturfilm for amerikansk fornøyelsespark

Dronefilm av spekkhoggarar, reinsdyrflytting og kval på Svalbard, i Finnmark og Tromsø.

Ærfugl på Vega

Ærfugl på Vega for japansk TV

Filming av ærfuglen og lokalsamfunnet i øyriket Vega til TBS-serien «Verdsarven», sendt i Japan i 2021.

Sjå meir hos TBS →
VR-film Brevasshytta

VR-film Brevasshytta

Heile produksjonen – prosessleiing, koordinering og innleige av helikopter, 360-kamera og designarar. VR-filmen kjem på Brevasshytta våren 2027.

Amedia Innhold

Amedia Innhold

Annonseartiklar for lokalaviser og Nationen – på nynorsk og bokmål.

Sjå artiklane →
Den nye nettsida til Luster Sogelag på Mac og mobil

Luster Sogelag

Me laga nettsida i 2021. No har ho fått ei lita oppussing i designet – ny framside og meir lettlesen på mobilen.

Sjå nettsida →
Bergsdalstunet

Bergsdalstunet

Heile nettsida – tekst, bilete og oppsett.

Sjå nettsida →
Vestnorsk Foto

Vestnorsk Foto

Heile nettsida – tekst og oppsett for ein fotograf som spesialiserer seg på eigedomsfoto.

Sjå nettsida →
Helen & Kristian

Helen & Kristian

Reels for veskemerket Helen & Kristian.

Sagastad

Sagastad

Vikingskipet på fjorden – innhald for vikingskipsenteret i Nordfjordeid.

NTP og fotballdrakta

NTP og fotballdrakta

Reel om landslagsdrakta, laga av Tore i Falkeblikk.

”

«Lag heller godt innhald, enn å ha som mål å laga mykje innhald.»

— Lisbeth Bringebøen, Kleio

Full Pakke

Ei historie om staden eller produktet din – frå bakken og frå lufta.

Me kjem på besøk, intervjuar, fotograferer og filmar. Du får ferdig innhald til nettside, sosiale medium og presse.

Dette får du

✓ Ein reportasje på nynorsk, bokmål eller engelsk

✓ Redigerte bilete

✓ Reels eller ein kort film

✓ Tilpassa versjonar til sosiale medium

Ta kontakt for pris

Me er Kleio

Eit lite byrå på hjul, med kundar i heile landet. Ho skriv. Han filmar. Saman leverer me heile historia. Med eigen bubil kan me køyra kvar som helst – utan dyre hotellnetter på rekninga di.

Lisbeth Bringebøen

Lisbeth Bringebøen

Skribent · siviløkonom

Siviløkonom frå NMBU, master i marknadsføring og leiing frå BI og master i rekneskap og revisjon frå NHH. Har undervist som høgskulelektor med emneansvar i fem ulike fag, og jobba med næringsutvikling i åtte år. Set seg raskt inn i nye produkt og bransjar og finn den rette vinklinga. Glad i gå toppturar på ski, friluftsliv og naturopplevingar kringom i verda.

917 76 422

@lisbethjb på InstagramLisbeth på LinkedIn

Tore Friele Lie

Tore Friele Lie

Fotograf, filmfotograf og dronepilot i Falkeblikk

Tore starta Falkeblikk Media i 2010. Han er sivilingeniør i geomatikk og har kartlagt Svalbard for Kartverket. Filmar frå toppen av Jotunheimen, inne i blåisgrotter og langs kysten – til fots, på ski eller i båt. Spesielt glad i fotografering av nattehimmelen, naturfenomen og verdsrommet.

996 90 567

@falkeblikk på Instagram@tflphoto på InstagramTore på LinkedIn

Skal me fortelja historia di?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat. Du får tilbod med fast pakkepris eller timepris.

hei@kleio.no · Lisbeth 917 76 422 · Tore 996 90 567

Be om tilbod →