Personvernerklæring

Kleio tek personvernet ditt på alvor og er plikta til å verna om dine personlege opplysningar. Denne personvernerklæringa skisserer korleis me samlar inn, brukar, deler og vernar om personopplysningane dine.

  • Eigar av denne nettstaden er:

    Kleio AS
    Rutlinslid 15 B
    6856 Sogndal
    Epost: Hei@Kleio.no
    Org.nr 933 064 298

  • Dagleg leiar i Kleio AS er ansvarleg for handsaming av personvernopplysningar.

  • Me samlar inn personleg informasjon når du aktivt gir oss det gjennom nettsida vår, bruk av skjema eller annan kommunikasjon. Opplysningar me samlar inn er namn, adresse, kontaktinformasjon, organisasjonsnummer og eventuelt anna naudsynt informasjon for å kunna levera tenester til deg og for å administrera kundeforholdet ditt, samt betra brukaropplevinga di.

    Opplysningane tek me vare på så lenge me har eit kundeforhold. Etter endt kundeforhold vil me ta vare på data så lenge me vurderer det som hensiktsmessig for å kunne hjelpa til med fleire tenester seinare i kundeforholdet.

    Det rettsslege grunnlaget for handsaming av personopplysningar er GDPR artikkel 6.1. a) Samtykke.

  • Kleio brukar informasjonskapslar og analyseverktøy for å forstå og betra bruken av nettsida.

    Analyseverktøyet Google Analytics brukar informasjonskapslar til å produsera statistikk som syner bruksmønster, eksempelvis tal besøkjande på nettsida, kvar dei kjem frå, og kva sider dei besøkjer.

    Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon.

    Du kan administrera informasjonskapslar gjennom nettlesarinnstillingane dine.

  • Me tek i bruk alle rimelege tiltak for å verna personopplysningane dine mot uautorisert tilgang, endring, avsløring eller øydelegging.

    Kleio nyttar følgjande underleverandørar til webanalyse-, fakturerings- og eposttenester:

    Webanalyse: Squarespace sitt analyseverktøy, samt Google Search Console.

    Faktureringsprogram: Conta.

    Epost: Gmail.

    Domene og epost: Domeneshop.

  • Du har rett til å krevja innsyn, retting eller sletting av personopplysningar me har om deg. For å ta i bruk rettane dine, kontakt dagleg leiar i Kleio.

  • Personopplysingar vert ikkje utleverte frå Kleio til andre aktørar uten samtykke frå den registrerte.

  • Dersom det skjer eit brot på personopplysningtryggleiken, også kalla avvik, har behandlingsansvarleg hjå Kleio som hovedregel plikt til å melda det til Datatilsynet.